Velkomen til
Hemsedal Mållag

 

Hemsedal er ikkje berre flott natur!


Hemsedal Mållag vil at også bygdekulturen skal vera synleg.  Alt kan ikkje vera ved det gamle. Men me må heller ikkje rive av røtene. Fornying for ei moderne tid - ja! Etteraping og vanskjøtsel av kulturgrunnlaget - nei!


Hemsedal Mållag skriv om lokalhistoria vår på nynorsk (førebels fire bøker), gir ut ordbok for hemsedalsmålet, arrangerer Trøll i Ord for ungane, driv dialektaksjon, produserer dialektskjorter og dialekttermometer. Alt heng i hop:


Me vil at hemsedalskulturen skal vera synleg. Sjå kva me har å tilby!